|
 

Døtrene vitjar Heggland

Biletet viser Jakob Andersson og kona Berta Karina (fødd Mæland) saman med fire av døtrene deira i 1925.

Jakob vart fødd på Pundsnes 14. april 1854, som son av ein husmann/snikkar. Han gifta seg i Hjelmeland kyrkje 12. desember 1889 med Berta Karina Mæland. Berta vart fødd 30. juni 1871 på Tøtland i Vormedalen.

Jakob og Berta var mykje på flyttefot. Rett etter dei gifta seg, budde dei hjå hennar foreldre på Laugaland, deretter flytta dei til Foss og budde der eit par år.

Seinare flytta dei til Heggland, der Jakob fekk skøyte på bruksnummer 2 i 1902. Jakob arbeidde som krøterhandlar, men slo seg seinare til ro som gardbrukar. På Heggland døydde han 70 år gammal, 2. april 1925.

Berta budde dei siste leveåra sine hjå dottera Andrine i Stavanger, til ho døydde av lungebetennelse 14. januar 1969, 97 år gammal.

På biletet ser ein frå venstre: Anna, Astrid, Jakob, Bertine, Berta (sitjande) og Andrine Heggland. Til høgre står ei ukjent kvinne, som truleg er bydame og venninne med ei av døtrene til Jakob og Berta.

Hovudplagga ser ut til å ha vore eit sterkt standssymbol, men kva hovudplagg kvinnene hadde varierte. Døtrene som flytta til byen og fekk seg utdanning eller vart fruer, skaffa seg hatt. Mødrene heldt på det svarte sikeplagget lenge utover tjue- og trettitalet.

 
besøkande sidan 01.01.2011