|
 

Hagalid i Hjelmeland

Fjellgarden Hagalid var godt opphusa i 1899, då dette biletet vart teke. Garden ligg høgt til fjells ved Hagalidvatnet, som ein kan sjå til høgre i biletet. Gardshusa ligg framme på brotet der lia går bratt ned til Jøsenfjorden.

På dette biletet er det store gardshuset berre tre år gammalt. Fram til dette huset vart bygd, brukte ein det andre kvite huset til gardshus, sjølv om det opphavleg vart bygd som folgehus. Den store løa med både skifer- og torvtak ligg bakanfor. Til høgre for løa ligg eldhuset, medan stabburet ligg mellom løa og gardshuset.

Hagalid hadde naust, båt og veg på Hagalidstranda nede ved Jøsenfjorden. Hagalidfolket har i lange tider levd av korn, poteter, sauer, geiter og kyr. I tillegg til korn- og potetdyrking, har dei også henta ved og tømmer frå skogen og fisk frå Jøsenfjorden.

I 1865 målte matrikuleringskommisjonen opp 22 mål åker og dyrka eng på garden. Naturenga var på heile 243,5 mål. Ein liten del av dette hadde god kvalitet, men var steinrik. Resten var av svært dårleg kvalitet. Vurderingsmennene meinte at dei på garden kunne dyrka 45 tunner korn og 24 tunner poteter på åkrane. Her skulle det også vere fôr og beite til hest, 8 kyr, 6 ungdyr, 60 sauer og 20 geiter. På husmannsplassen Låtveit kunne dei dyrka 7 tunner korn og 7 tunner poteter, og ha 2 kyr og 25 sauer. Dei både slo og beitte på stranda ved Jøsenfjorden. Dyra fekk lyng som fôr i tillegg til høyet. Garden vart rekna som tungbrukt, særleg med omsyn til høyslåtten. Her kunne det til dels også vere frostlendt. Likevel reknar ein med at dei var godt sjølvforsynte med det ein greidde å produsere på garden i 1865.

Kjelde: Brandal, Trygve: Hjelmeland - Gardar og folk 2 - Gardane i Vormedalen, Hjelmeland og Askvik. Hjelmeland kommune, 1990.

 
besøkande sidan 01.01.2011