|
 

Hesteførarar

Ola Ullestad budde ei tid i Stavanger saman med tvillingbroren sin, Rasmus. Der kjørte dei varer med hest og kjerre i bygatene. Huset deira stod på Storhaug.

Då dette biletet vart teke hadde Ola og Rasmus besøk av søskena Kari (døypt Karoline Martine) og Johan.

Johan gifta seg med Ane Sofia Nes og emigrerte til Amerika, medan dei andre søskena på dette biletet busette seg i Årdal. Kari gifta seg med Hans Åse som i fleire år var kyrkjetenar i Årdal kyrkje, Rasmus gifta seg med Elen Dalane og Ola gifta seg med Anik Sedberg. Rasmus og Ola overtok begge ein part av farsgarden på Ullestad.

På biletet ser ein frå venstre Rasmus, Kari, Johan og Ola Ullestad.

 
besøkande sidan 01.01.2011