|
 

Hjelmeland Meieri

Hjelmeland Meieri vart bygd på Prestagarden sin grunn, like ved Hjelmelandselva og brua ned til Hjelmelandsvågen. Meieriet kom i drift sommaren 1905, og ein brukte då ei vassturbin til å få drivkraft.

På den andre sida av elva (heilt til høgre i biletet) står Spinneriet, ei anna industribedrift som brukte vasskraft frå elva.

Før i tida var dei fleste sjølvforsynte med mjølk, men det var rett nok ein viss marknad for mjølkesal. Sjølv om marknaden for mjølkesal var noko større på Hjelmeland enn i Årdal, vart det også på Hjelmeland produsert smør eller andre meieriprodukt av mesteparten av mjølka. Mjølka fekk meieriet levert frå bøndene i Hjelmelandsbygda, Hjelmeland sentrum og gardane kring Askvik.

I 1920 vart det til dømes produsert 1.200 kilo smør, 17.600 kilo fatost og 9.720 kilo mysost og prim ved meieriet.

Frå 1. januar 1939 vart mjølka frå Hjelmeland frakta til Årdal Meieri med bil, og meieriet på Hjelmeland valde å avvikla drifta.

Hausten 1940 vart bygget leigd ut til kjøtsamvirket Rogaland Fellessalg (som etter fleire fusjonar vart til Gilde). I november 1940 vart Hjelmelandsvågen råka av ein storflaum, og den store elva øydela mellom anna meieribygget.

 
besøkande sidan 01.01.2011