|
 

Hjelmelandsvågen før 1935

Biletet syner dei fleste husa som vart øydelagde i storflaumen som herja i Hjelmelandsvågen den 26. november 1940.

Det store bustadhuset rett over brua (markert med svart) høyrde til Ragna Torsen.

Til venstre for brua (markert med kvitt) ligg uthuset til slaktar K. H. Sæbø, og rett ved sida av uthuset (markert med grønt) er bustadhuset hans.

Vidare mot venstre (markert med lilla) ligg huset til Andreas Sømme. I huset til Sømme var det både postkontor og telefonsentral. Då dette huset fòr i flaumen, vart heile Hjelmeland utan telefonsamband.

Ved sida av huset til Sømme (markert med gult) ligg det gamle bedehuset. Bedehuset stod ferdig i 1840, og det blir sagt at dette var det første bedehuset i landet.

Bustadhuset til Sissela Eggebø ligg til venstre for bedehuset (markert med blått). Fremst til venstre (markert med raudt) ligg bustadhuset til Johan Einervoll.

Uthusa nærast elva vart øydelagde i den første flaumen, rett etter at moloen var ferdig i 1934.

 
besøkande sidan 01.01.2011