|
 

Jul i stova

Ekteparet Ellen og Melfred Valheim feirer jul i stova heime på Brekkå i Årdal, truleg ein gong på 1960- eller 1970-talet.

Ellen vart fødd på Skogarbø i 1911, medan Melfred vart fødd på Valheim i 1904. Dei gifta seg i 1933, og fekk åtte born. Etter at dei gifta seg, busette dei seg først på Brekkå.

På sine eldre dagar flytte dei til ein einebustad på Kyrkjebøen, sentralt i Årdal.

 
besøkande sidan 01.01.2011