|
 

Klede og sko

Dei harde trettiåra er velkjent for dei aller fleste. Krakket på New York-Børsen i 1929 har mesteparten av skulda for at verda opplevde ei enorm økonomisk krise. Bønder på landsbygda vart råka, då prisane på jordbruksvarer vart redusert med opptil 50 prosent.

Dette biletet syner folk frå Heggland i Hjelmeland, fotografert kring 1930.

Frå venstre sit Olav Heggland, Jenny Heggland (gift Hausken), Astrid Heggland (gift Espeland) og Aanen Heggland. Dei tre vaksne er søsken, og den litle jenta er dotter til Olav.

Aanen har på seg ei «skipperhua», som også vert kalla «rennesøyhua» eller «kasjett». Beggje mennene går med treskor, og som ein kan sjå er den eine treskoen til Aanen så velbrukt at det er slite hol i den.

I bakgrunnen ligg Husafjellet. Gjerdepålane som går gjennom biletet går ved sida av grusvegen til Heggland.

 
besøkande sidan 01.01.2011