|
 

Kongebesøk i Hjelmeland

16. juni 1976 vart ein skikkeleg festdag for hjelmelandsbuen sitt vedkomande. Sjølvaste kong Olav 5. vart kalla inn til Ryfylke-kommunen for å opna brua mellom Randøy og fastlandet.

Kongen vart frakta til Hjelmelandsvågen med Vestamaranen frå Stavanger, og majesteten vart teken med på ein rundtur i kommunen før han gjorde jobben som snorklyppar.

Det var praktfullt vêr, mykje folk og ein strålande opplagd monark som gjennomførte vitjinga med glans. Dåverande ordførar Arne Hetlelid (til høgre for kongen) var vertskap for majesteten, og med seg hadde han mellom anna eit stivpynta formannskap med bunadskledde ektefeller.

Vel framme ved Randøy bru var det eit skikkeleg folkehav på fjellknausane. Ein skulle mest ikkje tru at det var så mykje folk i den grisgrendte kommunen vår.

 
besøkande sidan 01.01.2011