|
 

Malenius Måland

Malenius Måland vart fødd i 1912. Han vaks opp på garden Måland i gamle Årdal kommune. I dag kjenner dei fleste til ei eller fleire slåser om han.

Dette biletet er teke på GEA Trafikksenter i Årdal, i samband med ein nyheitsreportasje i Bygdaposten i 1990.

Sjølv om Malenius Måland ikkje er blant oss lenger, lever slåsene om han i beste velgåande. For dei som ikkje kjenner til Malenius, vil me fortelja ei av slåsene om han:

I ungdomstida kjørte Malenius drosje med ein lastebil. Ein kveld hadde han fått kjøreoppdrag med ein ungdomsflokk på lasteplanet. Då ungdommane takka for turen var det tid for oppgjer. Malenius gjorde det klart at kjøreturen burde vera verdt ein tiar. Problemet til Malenius var at ungdommane ikkje ville gå med på dette. I frykt for å ikkje få noko betaling, avslutta han med: «Koss passa de då me ein femmer?».

 
besøkande sidan 01.01.2011