|
 

17. mai-feiring i krigsåra

Under okkupasjonen av Noreg, 1940-1945, vart det innført ei lang rekkje med forbod og påbod som alle måtte retta seg etter. Ein skulle til dømes bruke telefonen minst mogleg, og ein skulle innstilla all unødig kjøring. Blendingspåbodet førte til at landet låg mørkt og dystert i fem år.

I det okkuperte Noreg vart det sjølvsagt også forbod mot å feira nasjonaldagen. Likevel trassa mange forbodet, og ein kunne sjå små barnetog kringom i ulendte bygder i heile landet.

På Hjelmeland arrangerte ein mellom anna 17. mai-treff på Hagalid i 1942, der ein feira nasjonaldagen trass i nazistane sine reglar.

Dei fem som sit nærast er, frå venstre: Jone Nordbø, Marie Slåke, Inga Breiland, Magnhild Steinsland og Nils Breiland. Bak Marie sit Eli Kleppa og Magnhild Tuntland. Dei to som står er Wenche Hansson og Lauritz Nordbø. Personen som sit mellom Wenche Hansson og Lauritz Nordbø (i kofte og med slips) er Olav Håland.

 
besøkande sidan 01.01.2011