|
 

Vågakarar på utflukt

Fleire vågakarar har kledd seg opp i finstasen sin og teke turen ut på markjå.

Finstasen skuldas mest truleg at dei skulle vera kledde til fotografering, så biletet gjenspeglar nok lite av sanninga om kvardagslivet.

Frå venstre sit Ole P. Fjælberg (bank- og heradskasserar), Lorentz Østensen (handelsmann og postopnar), Andor Hermandsen (spinnerimeister), Ola Larsen (garvar og skomakar, seinare kasserar i Hjelmelands nye Sparebank) og Jon Bjelland (handelsmann).

Biletet er truleg teke ein gong tidleg på 1900-talet.

 
besøkande sidan 01.01.2011