|
 

Vegarbeidarar

Vegarbeidarar (også kalla sluskar) har teke seg ein pause i arbeidet. Her er dei fotograferte ved grustaket i Reisteinsbakkane ved Laugalandsbrekka ein gong mellom 1914 og 1915.

Arbeidarane er frå venstre Malenius Breiland, Malenius Hetland, Nils Hetland, Ivar Breiland, Ragnvald Sæbø og Retzius Sæbø. Dei arbeider her med vegen frå Hetlandsvatnet til Laugaland. Grusen vart groven ut med hakke og spade, og kjørt ut på vegen med hest og kjerre.

Vegen mellom Laugaland og Hetlandsvatnet vart bygd i perioden 1913-1915. Den ferdige vegen var 9,7 km lang og hadde ein totalkostnad på 120.500 kroner.

Då denne vegbiten stod ferdig i 1915, var det samanhengande veg frå Årdal kai til Tøtlandsvik via Hjelmeland med ein sidearm frå Fisterkrossen til Fister.

 
besøkande sidan 01.01.2011