|
 

Ferjer i Hjelmeland

av Morten Hetland

Oversyn og faktainformasjon om bilferjer som har vore fast stasjonerte i Hjelmeland kommune sidan 1965.

«Jøsenfjord-ferjen»

«Jøsenfjord-ferjen»

I 1965 vart «Jøsenfjord-ferjen» som nybygd sett i drift i det nye ferjesambandet Tøtlandsvik-Vindsvik. Ferja romma 20 personbileiningar og 200 passasjerar, og heldt ein driftfart på 20 knop. Ferja var 31,1 meter lang, og 9,5 meter brei. Kiosk var det også om bord. Mange reisande sette pris på salet av ertesuppe. Ferjefolka var ikkje berre kjent for den gode ertesuppa: Dersom trafikken hopa seg opp, var dei kvikke til å gå ekstraturar. Ferja gjekk i sambandet i heile 21 år, til ho i juli 1986 var erstatta av suppleringsferja «Rennesøy». Ferja er bygd om til forskingsfartøy, og heiter no «Cehili»

«Hjelmeland» I

«Hjelmeland» I

I 1987 overtok «Fusa» sambandet etter «Rennesøy». Som ryfylking fekk ho namnet «Hjelmeland». Denne ferja gjekk i Jøsenfjordsambandet like til sambandet vart flytta til Hjelmeland-Nesvik, 1. juni 1990. Ferja vart bygt i 1969, då med dimensjonane 49,3 meter i lengda og 10,7 meter breidda. Kapasiteten var på 40 personbileiningar og 237 passasjerar, ei betydeleg forbetring samanlikna med den førre ferja i sambandet. Driftsfarten låg på om lag 12 knop. Frå hausten 1991 kom Ombo med på rutenettet. «Hjelmeland» gjekk i sambandet medan den neste ferja vart bygt. Ferja heiter no «Ropeid», og er stasjonert som reserveferje i Levanger for Tide Sjø.

«Hjelmeland» II

«Hjelmeland» II

Frå januar 1993 tok den nybygde ferja over for den gamle. Denne ferja fekk også namnet «Hjelmeland», og var første moderne ferja i trekantsambandet på Hjelmeland. Ferja vart bygt i 1992, medan den førre ferja trafikkerte sambandet. Ferja er 84,7 meter lang, og 15,5 meter brei, og med desse måla har ferja ein kapasitet på 399 passasjerar og 76 personbileiningar. Ferja held ein driftsfart på 14 knop. Saman med søsterskipet «Høgsfjord» var denne ferja den første standardiserte ferja i Rogaland. I 2007 vart eit ekstra bildekk bygd på ferja, noko som utvida kapasiteten med fleire personbileiningar. Ferja går framleis i sambandet.

 
besøkande sidan 01.01.2011