|
 

Gardsdrift i Hjelmeland

av Morten Hetland

Krise i krigsåra?

Rasjoneringskort for sukker

Ei vanleg myte er at bøndene hadde det dårleg i krigsåra 1940-45. Frå 1940 fram til 1942 forsvann den eine vara etter den andre frå butikkane. I 1940 omfatta rasjoneringsreglane importerte matvarer, feitt, sukker, kaffi, kakao og sirup. Året etter vart all slags kjøt, flesk, egg, mjølk og mjølkeprodukt rasjonerte.

Sommaren 1942 vart rasjoneringa utvida til å gjelde poteter og alle slags grønsaker. Likevel hadde grønsakene nesten forsvunne frå marknaden. Hausten 1942 var praktisk tala alle varer lagt under rasjonering.

På grunn av den stadige rasjoneringa av matvarer, var det viktig for bøndene å utnytta jorda maksimalt. Bøndene fekk større avlingar etter kvart som dei sådde meir, og denne enorme matauken var viktig for heile landet. Bøndene utvida potetarealet, slik at det gjekk mest utover eng og åkrar. Grunnen til dette er at poteta er meir hardføre enn dei fleste andre vekstar, og at ho har høg næringsverdi.

Potetene vart mest nytta som menneskeføde, men også dyra kunne også ete dei. Når kyrne åt poteter vart det sagt at mjølkekvaliteten vart betre.

Mat frå marka

I slåtten med langorv

Frå gammalt av har mesteparten av det dyrka jordarealet vore nytta til grasdyrking. Fram til midten av 1960-talet turka ein høyer, men då gjekk ein meir over til siloar.

Fram til midten av 1960-talet var det også vanleg å dyrka korn. Hovudsakleg vart det dyrka havre, men bøndene kringom i kommunen prøvde også å dyrke bygg og kveite.

Når det gjaldt korndyrking var det vanleg at kornet stod på marka til det mogna, og deretter vart det treskja. Halmen som vart igjen nytta dei til dyrefôr. Ein dyrka også grønsaker, og blant dei vanlegaste grønsakene var poteter, gulrot og kålrot.

I krigsåra var det også forsøk på å få fram heimedyrka tobakk. På gjerdet, nabobruket til Hetland, var husbonden så røyksugen at han trassa rasjoneringa og dyrka tobakk sjølv. Til trass for det norske klimaet ikkje egnar seg til tobakkdyrking, var forsøket vellukka. Slik kunne bonden på Gjerdet røykje heimelaga tobakk.

Fôr til fea

Gardbrukarkona og husmora Magla Heggland

Talet på høns og gris steig i etterkrigstida, og det har vore sterk omlegging av drifta. For å få noko igjen for husdyrhaldet, måtte ein sjølvsagt mat dei, og kvar dyreart fekk kvar si føde.

I dag lever både gris og høns på kraftfôr, men tidlegare var det vanleg at hønsa fekk kokte, mosne poteter blanda saman med hønsefôr.

Sauene fekk lauv og kraftfôr. Fram til 1960-åra fekk sauene også turrhøy, men fleire og fleire bønder skaffa seg siloar. Det gode gamle høyet vart då erstatta av silofôr. Overgangen frå turrhøy til silofôr gjaldt også kyr og hestar. Hestane fekk i tillegg til grasføde hakka halm og rugkli, medan kyrne fekk kraftfôr, halm og rå poteter. Det vart sagt av bønder at kyrne produserte mykje betre mjølk når dei fekk ete poteter.

Grisane åt stort sett det meste, men det vanlege grisefôret var kokte poteter blanda saman med skummamjølk og kraftfôr.Men det var ikkje berre grisane som var allsidige i matvegen. Kring 1940 heldt mange gardar i Årdal revar. Familiebilete av familien på HegglandRevane åt som regel sild, daude høns og andre daude smådyr. Dei kunne eigentleg livnæra seg på andre daude dyr på garden. Dersom ein kalv døydde, kunne han til dømes verte reveføde.

På Ullestad, ein gard i Årdal, gav dei nesten ikkje grasføde eller kraftfôr til dyra. Det vanlege der var å kydla asketre, det vil seie at dei hogg av små greiner frå treet. Bøndene skov også bork av trea i området. Under krigen fekk ein også kjøpt cellulose. Cellulosen vart blanda med vatn og mjøl, nærast som eit kosttilskot til dyra.

Mjølk og meieri

Den største moderniseringa i fjøset var då mjølkemaskinen kom. Fram til kring 1970 mjølka ein kyrne for hand. Etter mjølkemaskinen gjorde sitt inntog i Noreg fekk ein auka mjølkeytinga med kring 60 %. Mjølkemaskinen gjorde at arbeidet på gardane kringom i bygdene vart lettare, og ein slapp å ha mange folk i arbeid. No kunne ein mann gjere jobben åleine, og ein brukte heller ikkje så lang tid. Grunna mjølkemaskinen vart mjølkinga mannsarbeid. Før var dette eit kvinnesyssel. Etter kvart trengte ein heller ikkje tenestefolk på garden.

Dei lause maskinane som var laga for bruk saman med meierispann, kravde ikkje så store investeringar. Men dei som berre hadde eitt par kyr, opplevde at dei måtte ta eit val. Inntektene frå mjølkelevering til Molking med maskinmeieriet var no så små at det ikkje lønte seg å investera i noko mjølkemaskin. Då det kom røyrtankanlegg og kjøletank i byrjinga av 1970-talet, måtte det større økonomiske ressursar til. Meieria gjekk over til tankbilhenting, og mjølkespanna var på veg ut. Det var mange som stod over valet om å leggje ned drifta eller byggje om drifta. Dersom ein skulle drive med mjølkeproduksjon måtte det satsast. No vart dei små mjølkeprodusentane utkonkurrerte av dei som hadde satsa.

Noko av mjølka vart separert og ein fekk skummamjølk og fløyte. Skummamjølka gjekk direkte tilbake til kyrne, det var ingen på den tida som drøymde om å drikka skummamjølk.

Fløyten som vart igjen kinna ein ofte til smør, og sendte det til Årdal meieri. Etter kvart som tida gjekk vart smøret returnert til bøndene, med påskrift om at smøret var av dårleg kvalitet. I seinare tid har det vist seg at meieriet sleit med mjølkemangel når alle kinna smør av mjølka. Fløyten som vart nytta til å laga smør av, vart no meir nytta i heimen.

Betaling til bonden

Som tidlegare nemnd arbeidde bøndene med å skaffa mat til både seg sjølv og dyra, men kva tente dei pengar på? Når ein skulle til krambua kunne ein som regel ikkje byte til seg varer, og det å leva - forsikringar, turar med kollektivtransport, legebesøk og liknande - kosta også pengar.

Kring 50 prosent av inntekta i Hjelmeland på midten av det tjuande hundreår kom frå skogen. I hovudsak tente bøndene pengar på å selje material, råtømmer og ved. I tillegg til dette var kombinasjonen fiske og jordbruk vanleg, og ein fekk då også inntekter ved å selja fisk. Jærstolbinding på Slåke Jærstolfabrikk

Av det ein produserte på garden sendte ein mesteparten til grossistar og foredlarar. Egga vart sendt til Hjelmeland Handelslag, kjøtet til Rogaland Fellessalg, reveskinn vart sendt til Pelsdyrlaget og frukta sende ein til grossistar i Stavanger.

Nokre av bøndene på Heggland i Hjelmeland, fekk også oppdrag i å jakta småvilt for frisørmeister Bernhard Jæger i Stavanger. Som ei binæring laga ein også sponkorger kringom i kommunen. Sponkorgene selde ein til gartnarar som nytta dei i gartneria sine.

Dersom ein dyrka for mykje poteter og korn, kunne ein også få for mykje avling. Fordelen med dette var at ein kunne selje overskotet til bønder som fekk for lite avling. Slik kunne ein også skaffa seg inntekter.

Til slutt må også jærstolproduksjonen nemnast. I dag (2008) er det tre jærstolfabrikkar i Noreg, og to av dei ligg i Hjelmeland kommune. Såleis kan ein seia at jærstolen har sterke røter i Hjelmeland. Frå gammalt av var det mange fleire som dreiv med jærstolproduksjon kringom i heile kommunen. Somme arbeidde på jærstolfabrikkane, medan andre dreiv med jærstolproduksjon på heimgarden.

Frå fjording til Ferguson

Frå gamle tider nytta ein berre hestekraft og menneskeleg muskelkraft for å driva garden. Alt vart gjort med handmakt eller ved hjelp av hestar anten ein dreiv i våronna eller slåttonna. I andre Grafen syner utviklinga av tal på hestar og traktorar i Hjelmeland kommune i tidsrommet 1949-1989.halvdel av 1800-tallet vart det store endringar i norske bygder. Det er vanleg å kalla desse endringane «det store hamskiftet».

Det store hamskiftet innebar at bondesamfunnet endra seg både når det gjaldt økonomiske, sosiale og kulturelle tilhøve. Bøndene byrja å spesialisere produksjonen, og dei tok også i bruk arbeidssparande maskinar. Hestar vart nytta som dragkraft, og ein hadde reiskapar for alt ein trengde i gardsdrifta. På Hjelmeland fekk ein ikkje desse tekniske nyvinningane før ut på 1900-talet.

I byrjinga hadde ikkje alle råd til å kjøpa traktorar sjølv, så mange traktoreigarar tok på seg kjøreoppdrag frå bønder. Ein av desse var Trygve Ullestad i Årdal, som kjøpte sin traktor i 1948. Den første traktoren i Hjelmeland var det derimot Olav Ingvaldstad som kjøpte i 1939. Traktoren til Den første traktoren i Hjelmeland kommuneIngvaldstad var ein Ferguson 38-modell med jernhjul. Sjølve traktoren kosta 5 300 kroner, men med reiskapar kom prisen på 6 600 kroner. Dette var mykje pengar før krigen. Ti år etter den første traktoren kom til kommunen, hadde det kome fire traktorar til. Då hadde Hjelmeland 5 av dei kring 500 traktorane i Rogaland, og dei nesten 10 000 traktorane i landet.

Under krigen var det store vanskar med å få tak i drivstoff, noko som førte til at yrkeskjøringa vart innskrenka til det mest nødvendige. Dette gjorde at mange skaffa seg knottegeneratorar for gassdrift. Ein fyrte med små trebitar, og gassen som vart utvikla kunne ein nytta som drivstoff.

Etter krigen var det mange som ville skaffa seg traktorar, men dei var lenge vanskelege å få tak i. Importen var liten og strengt regulert i dei første etterkrigsåra. Når ein skulle kjøpa seg traktor, var det ikkje berre økonomien det stod på. Dei som ville kjøpa seg traktorar måtte først få kjøpeløyve frå Rogaland Landbruksselskap, for deretter å stilla seg på venteliste hjå traktorforhandlarane.

Føremonene med traktor vog diverre ikkje så godt opp mot den auka tungdrivinga av jorda.

Fruktbare frukttre

Grafen syner kor mange frukttre av slaga eple, pære og plomme det var i Hjelmeland i åra 1939, 1959, 1969 og 1979.

Hagebruk er ein sektor innanfor landbruket i Hjelmeland. Ut gjennom etterkrigstida har den etter kvart fått redusert betyding. Fram til 1960-talet opplevde fruktdyrkarane gode tider, og næringa var i framgong. Dei første etterkrigsåra var gode år for fruktdyrkarar i Hjelmeland: Avlingane var stort sett gode og prisane var høge.

Blant dei forskjellige fruktsortane var plommer dominerande. Mange leverte 500-1000 kassar med plommer på eit år, og når ein kasse kosta 20 kroner kunne ein nesten leva av dei små frukthagane. Plommene vart hovudsakleg leverte til Tønsberg bryggeri for konservering.

Fruktdyrkinga i Hjelmeland har minka dei siste titals åra. Dei som framleis driv fruktdyrking har satsa innanfor dette området. Dei driv ikkje med så mange andre produksjonar på garden, men somme har kanskje nokre sauer eller griser i tillegg. I dag er eple det store fruktslaget, trass i at satsinga på plommer og morellar har auka dei siste åra.

Konklusjon

Ein tenkjer ofte at vendepunktet i gardsdrifta skjedde etter andre verdskrig. Faktum er at dei største endringane skjedde etter 1950. Gardsdrifta har gått gjennom ei modernisering, som har ført til ei næring prega av mekanisering. Traktorar og andre tunge reiskapar har ført til at jorda har vorte meir kompakt, noko som igjen fører til at ho vert tungdriven. Til gjengjeld har ein fått meir masseproduksjon og bøndene har spesialisert seg.

Ein viktig grunn til spesialiseringa, er at dei faglege krava til gardsbrukarane innanfor dei enkelte produksjonane har auka kraftig. Ein annan grunn er økonomien: Skal ein drive rasjonelt, må det kanskje nye store bygningar til, med eit gitt krav til storleik for kvar produksjon. Dei færraste har økonomi og gardsstorleik til å investera i mange produksjonar samstundes.

Bondeyrket har opp gjennom åra vorte eit usosialt yrke, i og med at det er nok med ein mann i arbeid på gjennomsnittsgardane i Hjelmeland. Grunnen til dette er dei nye reiskapane som lettar arbeidet på garden. I seinare tid har fleire bønder i kommunen satsa på samdrift saman med andre bønder, og det er bygd fleire fellesfjøs kringom i kommunen.

Litteratur

Brandal, Trygve: «Hjelmeland - Gardar og folk 2». Hjelmeland, 1990.
Eikeland, Sigurd: «Årdal - Frå istid til notid». Årdal, 1968.
Hetland, Morten: «I slektas fotefar - Dagleglivet i Hjelmeland». Hjelmeland, 2007.
Skiftun, Tor: «Hjelmeland - Skipreid, herad og kyrkjesokn». Årdal, 1937.
Sæbø, Dan Olav: «Gardsdrift før og nå». Hjelmeland, 2005.
Tjeltveit, Njål: «Etterkrigs-Ryfylke - 50 år i forandring». Fister, 1994.

 
besøkande sidan 01.01.2011