|
 

Hjelmeland i mellomalderen

av Morten Hetland

Innleiing

Dei aller fleste trur at Noreg, og ikkje minst Hjelmeland, var isolert frå resten av Europa i mellomalderen. Dette skyldas sjølvsagt dei store avstandane, men nordmennene hadde også båtar. I denne teksten vil eg diskutere utviklinga av Hjelmeland i eit nordisk og europeisk perspektiv. I tillegg vil eg prove at Hjelmeland slett ikkje var eit isolert bygdesamfunn, men at dei følgde med i strøymingane i tida. Eg tenkjer då på impulsar gjennom handel med Europa og andre samfunn i Noreg og Norden. Me skal også sjå på busetnadsutviklinga frå folkevandringstid til høgmellomalderen. Utviklinga i jordbruket mot nye metodar, er også eit viktig tema.

Garden og samfunnet

Blømingstida i Hjelmeland si historie var frå 300-talet og framover. Frå yngre romartid og folkevandringstida er det meir enn 50 funn frå Hjelmeland. På denne tida var gardssamfunnet dominerande kring i bygdene, med hus, gjerde, åker, eng og gravhaugar. Mange av gardane me kjenner frå vår tid var allereie busette. Ein gard kan vere så mangt, men definisjonen eg nyttar er: «ein namngitt stad der folk og husdyr har hatt varig opphald. Tunet og åkrane ligg innanfor eit gjerde rundt innmarka». Ordet garðr tyder eigentleg inngjerding. Ein nyttig måte å ordna mellomalderen si busetjing og sosiale verden på, er å setje den inn i eit hierarki av busetnadar. Hierarkiet er delvis basert på busetnaden si storleik. Alt frå store til små byar, deretter landsbyar av ulik storleik. Til sist har me grender, gardsklynger og frittliggjande gardar, og kanskje aller sist setrar. Hierarkiet kunne også organiseras sosialt frå slott og herregardar til bøndene sine busetnadar.

Arkeologiske funn

I Årdal er det gjort nokre gravfunn frå folkevandringstida som vitnar om rikdom og overskot. Eit av desse funna var ei kvinnegrav på Rivjaland. Gjenstandane som låg der, fortel at det må ha vore ei kvinne av høg rang. I grava hadde kvinna fått med seg ei draktspenne av forgylt sølv, tre mindre bronsespenner, to sølvnåler, eit hengesmykke av gull, to små glasperler, ei hektespenne av sølv, to spinnehjul, tre knivar, ei leirkrukke, ei tretine og to piler. (Brandal, 1997)

Busetjing i folkevandringstida

Perioden mellom 400 og 600 e.Kr. vert kalla folkevandringstida. På Sørvestlandet kunne perioden eigentleg vorte kalla landnåmstida eller nybyggjartida. Dette er fordi mange av dei gardane me kjenner frå vår tid må ha vore rydda og folkesette i denne perioden. I stadnamngranskinga reknar ein med at gardsnamn som endar på -land stort sett er frå folkevandringstida. Slike namn er det mange av i Hjelmeland. Vel fjerdeparten av dei gamle namnegardane i Hjelmeland er -landnamn, 33 av 115. Desse gardane ligg spreidde kringom i kommunen, men dei ligg aller tettast frå Vormedalen og over Fjellet mot Hjelmeland. Der ligg det 13 -landgardar på rekke og rad. Det er gardane Vormeland, Fundingsland, Tøtland, Meland, Kleivaland, Ritland, Helgaland og Laugaland i Vormedalen. Vidare Breiland, Bjelland, Heggland, Hetland og Jørmeland. Frå denne samanhengjande rekkja er det heller ikkje så langt til Steinsland, Tuntland, Hjelmeland (det gamle namnet på prestegarden) og Espeland. Det er stor skilnad på storleiken på -landgardane. Tøtland, Laugaland og Steinsland er døme på store gardar, medan gardane på Fjellet var mindre, gjerne berre tredje- eller fjerdeparten så store. Det er rimeleg å tenkja seg at dei største -landgardane er dei eldste, og at dei mindre er yngre. Dei kan ha blitt rydda i vikingtida, somme kanskje også i høgmellomalderen mellom 1000 og 1350. (Brandal, 1997)

På slutten av folkevandringstida, kring 550-600, gjekk det ein pest over Europa. Denne kan utan tvil samanliknast med Svartedauden. Folketalet i Vest-Europa kan ha vorte redusert til halvparten etter pestane. Kring år 600 var det truleg ein stad mellom 50 og 80 gardar i Hjelmeland.Perioden mellom 400 og 600 e.Kr. vert kalla folkevandringstida. På Sørvestlandet kunne perioden eigentleg vorte kalla landnåmstida eller nybyggjartida. Dette er fordi mange av dei gardane me kjenner frå vår tid må ha vore rydda og folkesette i denne perioden. I stadnamngranskinga reknar ein med at gardsnamn som endar på -land stort sett er frå folkevandringstida. Slike namn er det mange av i Hjelmeland. Vel fjerdeparten av dei gamle namnegardane i Hjelmeland er -landnamn, 33 av 115. Desse gardane ligg spreidde kringom i kommunen, men dei ligg aller tettast frå Vormedalen og over Fjellet mot Hjelmeland. Der ligg det 13 -landgardar på rekke og rad. Det er gardane Vormeland, Fundingsland, Tøtland, Meland, Kleivaland, Ritland, Helgaland og Laugaland i Vormedalen. Vidare Breiland, Bjelland, Heggland, Hetland og Jørmeland. Frå denne samanhengjande rekkja er det heller ikkje så langt til Steinsland, Tuntland, Hjelmeland (det gamle namnet på prestegarden) og Espeland. Det er stor skilnad på storleiken på -landgardane. Tøtland, Laugaland og Steinsland er døme på store gardar, medan gardane på Fjellet var mindre, gjerne berre tredje- eller fjerdeparten så store. Det er rimeleg å tenkja seg at dei største -landgardane er dei eldste, og at dei mindre er yngre. Dei kan ha blitt rydda i vikingtida, somme kanskje også i høgmellomalderen mellom 1000 og 1350. (Brandal, 1997)

Kontakt med omverda

Hjelmeland var ikkje eit isolert samfunn på denne tida. Funn av leirkar og smykke syner at folk har følgt tidas motar og stil. Enkelte funn vitnar om meir direkte kontakt med Europa. På Børøy er det funn frå 800-talet som stammar frå Irland. På Mosnes er det funne ei frankisk spenne. På Valheim gjekk husbonden rundt med ei anglo-irsk bronsespenne, medan husfrua bar ei engelsk perle rundt halsen. Igjen ser me at det må ha vore kontakt over havet med framande kystar. Om desse gjenstandane kom til Hjelmeland gjennom handel eller ved plyndring, kjenner me ikkje til. Det er ingen grunn til å tru at folk frå Hjelmeland ikkje var med på vikingtokter. Kontakten med omverda kan og ha gjeve impulsar om å driva gardane på ein noko annan måte enn før. Me kan skilja mellom folkevandringsgarden og mellomaldergarden. I folkevandringstida fekk åkrane lite gjødsel, og dei måtte difor flyttast til ein ny stad etter ei tid, og det gamle åkerlandet måtte liggja brakk.

Mellomaldergarden

Eit kjennemerke frå mellomaldergarden som stadig vaks fram, var at åkrane vart gjødsla meir intenst. Dette førte til at ein kunne nytta same åkerlandet i generasjon etter generasjon. Avkastinga på åkrane vart gjerne dobla på denne måten, frå tre til seks-sju foll. (Foll er avling i høve til utsæd, kor mange gonger ein får att det ein sår). Ei anna endring som føregjekk i desse hundreåra var at dei gamle langhusa frå folkevandringstida vart bytte ut med mindre og spesialiserte bygningar. Ein hadde gjerne matvarelager, bustadhus, fjøs, løe og eldhus samla på tunet, og ei smie i utkanten. I mellomalderen levde folk flest av jordbruk. Dei nytta landskapet så godt dei kunne med dei ressursane, tradisjonane og kunnskapane dei hadde. I mellomalderen var landskapet allereie utforma av særs mange generasjonar med menneskeleg aktivitet. Det som fantes av skog vart nytta til brensel, bygningsmateriale og beiteområde. Korleis utvikla busetnaden seg i hundreåra mellom 600 og 1000? Me må rekna med ein betydeleg tilbakegang i fleire generasjonar etter pesten. Gardar vart fråflytta og liggjande øyde, og nokre av dei har aldri vorte buplassar igjen. Slik veit me at det var på Håland i Vormedalen. Det kan godt ha vore fleire slike stadar i Hjelmeland, som me framleis ikkje har funne noko spor etter.

Busetjing i vikingtida

I vikingtida skjedde det på ny ei utviding av busetjinga ved at nye gardar vart rydda. Me kan seie sikkert at 44 gardar vart rydda på Hjelmeland i løpet av vikingtida. Mange av dei kan vere frå folkevandringstida. Totalt sett kan me sjå at det var 93 sikre busette gardar i Hjelmeland innan år 1000. Dette utgjer 80 prosent av alle kjende namnegardar i Hjelmeland. Rundt år tusen byrja Europas busetjing å vokse særs raskt, og busetnaden skulle halda fram med å auka i det neste tidsrommet: Hundreåra mellom innføringa av kristendomen kring år 1000 til Svartedauden 1349-50. Ein grunn til den kraftige folkeauka var at klimaet vart gunstigare for jordbruket nord for Alpane, ein annan grunn var dei tekniske nyvinningane. Den viktigaste av desse var truleg utviklinga av ein ny type plog. Denne plogen rota ikkje berre i jorda, men skar djupt ned og vendte torva. Dette gjorde det mulig å drive den tunge jorda nord for Alpane, langt meir effektivt enn tidlegare. Hesten tok ein også i bruk som dragdyr i jordbruket, sidan det vart utvikla seletøy og bogtre som hindra hesten i å kvelast når den drog tungt. Hesteskoen vart også kjent og tatt i bruk.

Høgmellomalderen

Perioden mellom 1000 og 1350 vert kalla høgmellomalderen. I løpet av desse åra opplevde bygdene ein ytterlegare ekspansjon i busetjinga. Frå kristendomen vart innført , og fram til Svartedauden, reknar ein med at det vart tatt opp 24 nye gardar i Hjelmeland. I tillegg kjem 10 gardar som truleg var i drift før Svartedauden, men som ikkje vart tekne i drift att som sjølvstendige matrikkelgardar. Mange av dei vart bruk under andre gardar. Før Svartedauden sette inn, må me rekna med at det kan ha vore ein stad mellom 125 og 130 gardar i Hjelmeland. Eit teikn på at dei tilgjengelege ressursane stort sett var tekne i bruk i mellomalderen, er det faktum at det ikkje har vorte etablert mange nye matrikkelgardar i Hjelmeland etter 1600. Stort sett var det eldre busetnad der det var aktuelt å busetja seg, og leva av det naturen kunne gje.

Kva levde bøndene av?

Bøndene arbeida både for å forsørgje seg sjølv, og for å kunne betala skattar, avgifter og jordleie. I tillegg fekk dei noko til overs. Dette kunne nyttas til å byta til seg ting som dei trengde men ikkje sjølv produserte. Betalingsmidla var det bøndene kunne produsere på gardane, sidan myntar sjeldan vart brukt i Noreg på denne tida. Folket levde av det dei kunne dyrka og hausta av naturen. Då som seinare var åkerbruk og særleg husdyrhald, det viktigaste på gardane. I tillegg dreiv dei fangst og fiske på sjøen, fiska i elvar og ferskvatn og jakta vilt i heia. Det vanlegaste planteslaget var bygg og havre, som ofte vart sådd saman som blandkorn. Potetene var framleis ikkje komne til landet. Rug og kveite vart dyrka i mindre målestokk. Kornavlinga i Noreg omkring år 1300, er anslått til ca. 100 000 tonn. Hagevekstar som neper, kål, erter, bønner og lauk vart også dyrka. Mange dyrka også eple, og somme dyrka lin og hamp til spinning. Medan åkerbruket var viktigast på Austlandet, var februket mest utvikla i kyst- og fjordstrøka og fjellbygdene. Kyr, sauer og geiter var dei vanlegaste husdyra, medan gris og høns var meir sjeldne. Ved byrjinga av 1300-talet var dei ressursane som var tilgjengelege for matproduksjon, både i innmark og utmark, utnytta av folket som budde her. Men måten dei vart utnytta på, var forskjellig frå vår tid. Korn, først og fremst havre, vart dyrka overalt der det på nokon måte var høve til det. Jordbruket var først og fremst retta mot sjølvforsyning, og korndyrking var den produksjonen som gav mest mat i høve til dyrka areal. Likevel var storfehald det mest karakteristiske trekket ved jordbruket. Dette hadde samanheng med dei store viddene i utmark og hei, som kunne brukast til beite og fôrsanking.

Stordomstid

11- og 1200-tallet vart ei blømingstid for Noreg - økonomisk, politisk og kulturelt. For første gong fekk landet eit organisert statsapparat og ei sterk kongemakt. Noreg la også under seg nytt land: Noregsveldet omfatta både vesterhavsøyane, Island, Grønland og Man, forutan Jämtland. Nordmennene let seg kristna, og den nye kyrkja sine menn tok med seg kunnskap, kunst og kultur frå kontinentet.

Kart over Norgesveldet kring år 1265

Situasjonen før Svartedauden

Ovanfor har eg nemnt at det var mellom 125 og 130 gardar i Hjelmeland før Svartedauden, men kor mykje folk budde det på desse gardane? Det er desse folka det er interessant å få tak i. Desse folka skapte historia, dyrka jorda og stelte husdyra, dreiv fangst og fiske og hogg i skogen. Men det vart ikkje halde noko folketeljing i mellomalderen, så me kjenner ikkje folketalet. Det eldste brukande manntalet me har er frå 1666. Dette året var det 1520 personar i Hjelmeland, 724 menn og 796 kvinner. Sidan ein reknar med at gjenryddinga etter pesten og folketapet stort sett var ferdig, kan me seie at folketalet låg truleg på same nivå i 1660-åra som i 1340. Det vil seie at det truleg budde kring 1500 personar i Hjelmeland før Svartedauden. Etter at kristendomen overtok som den rådande religionen i landet, vart det slutt på å gravleggja folk i haugar saman med det utstyret som dei trong i det nye livet. Difor eksisterer det særs lite arkeologiske funn frå hundreåra etter år 1000. Den direkte kunna om lokale forhold i Hjelmeland er dermed ikkje så stor for dette tidsrommet. Også i mellomalderen var Hjelmeland ei jordbruksbygd. Det vart arbeida med jord og husdyr, i tillegg til det som kunne hentast i sjøen, som gav livsgrunnlag for folket her. Heile tida har nok husdyrhaldet vore viktigare enn åkerbruket. Frå naturen si side var bygdene velsigna med store beitevidder, men åkerjorda var avgrensa. Meir kunne dyrkast opp til åker, men det kravde mykje arbeid.

Landskylda fortel mykje

Opphavleg var landskylda den årlege leiga leiglendingen betalte til jordeigaren. Eit vitnemål om at husdyrhaldet var viktigare enn åkerbruket, er at den gamle landskylda på nesten alle gardane stod i smør, eit produkt frå februket. Landskylda kunne til dømes vere på to laupar smør. Det vil seie at leiglendingen betalte for seg med kring 36 kilo smør i året. Det måtte gjerne 25 liter mjølk til for å få eit kilo smør. Dermed måtte det 900 liter mjølk til for å produsera to laupar smør. Ei ku mjølka gjerne 500-700 liter i året på den tida. (Brandal, 1997)

Berre sju gardar i heile Hjelmeland hadde landskyld i korn. To gardar i Årdal hadde berre kornlandskyld, medan 5 gardar på Hjelmeland og Randøy hadde landskyld både i smør og i korn, og smøret stod for den største parten i dei fleste tilfelle. Fundingsland, ein fjellgard kring 350 meter over havet, hadde landskylda korkje i smør eller korn. I staden for hadde dei landskylda i tak, det vil seie never. Garden stod i tre vetter landskyld. Ein vett var kring 40 kilo. Den årlege leiga av Fundingsland var altså 120 kilo never levert til jordeigaren. Dette avspeglar at det var mykje bjørkeskog på garden. Never vart først og fremst brukt til taktekking.

Det var også stor økonomisk skilnad mellom folket i Hjelmeland. Nokre stod seg godt og høyrde til toppsjiktet i regionen, andre hadde svært lite eigedom å betala formueskatt av. Ved tiandepengeskatten i 1521 skulle bøndene betala ein tidel av alt dei åtte. Jon på Aukland var den mest velståande i kommunen: etter skattelistene skulle han vere god for 670 merker i pengar. Blant dei som betalte minst i skatt var Sjur på Kleppa, med berre to skilling, den fattigaste. (Brandal, 1997)

Kven åtte jorda?

Tidlegare har eg nemnt både leiglendingar og jordeigarar. Dette skal eg prøve å gå meir inn på. Kven åtte jorda på Hjelmeland i høgmellomalderen? Her har me heller ikkje konkrete kjelder frå mellomalderen. Men sjølv om me ikkje veit det sikkert, går eg ut i frå at situasjonen på 1600-talet stort sett spegla tilhøva i høgmellomalderen. Det kan vere noko usikkert å rekne slik, men det kan vere interessant å i alle fall danna seg eit bilete på korleis det var. Eg nyttar jordeboka frå 1661 som utgangspunkt. Denne viser at bønder, krona eller kongen og kyrkja var dei store eigargruppene. bondegodset var den største parten. Det var ikkje alltid at brukaren sjølv åtte garden. Eigaren eller eigarane kunne like gjerne vere andre bønder, anten på andre gardar i Hjelmeland, eller i nabobygdene. Vel halvparten av bondegodset var ikkje sjølveigd, men ått av andre enn brukarane sjølve. Ofte var det slik at berre noko av garden var bondegods, medan resten kunne vere til dømes krongods.

Krongodset høyrde til krona, kongen eller staten, og det vart administrert av futen. Det kyrkjelege godset var samansett. Noko var gammalt kyrkjegods som vart overteke av staten etter reformasjonen i 1536. Noko var bykyrkjeleg gods, det vil seie at eigarane var kyrkjelege institusjonar i Stavanger. Det var fem slike jordeigarar i Hjelmeland: bispen, katedralskulen, skulestyraren, soknepresten og kapellanen til Stavanger domkyrkje. Det var ikkje embetsmennene personleg som åtte jorda, men embetet deira. Landskyldinntekta var ein viktig del av løna til dei som innehadde embeta. Soknepresten i Hjelmeland fekk også ein vesentleg del av sine embetsinntekter i form av landskyld frå i alt 21 gardar i prestegjeldet. Mange gardar åtte presten åleine, andre hadde også odelsgardpartar. Prestegodset var bra spreidd kringom i bygdene. Litt jord høyrde også til bygdekyrkjene, men det var ikkje mykje. Landskyldinntekta av denne jorda vart brukt til vedlikehald.

Dette biletet frå 1661 er nok ikkje særs ulikt tilhøva i høgmellomalderen. Men det kyrkjelege godset var større då. Halvard Bjørkvik har stipulert det til 33 prosent i Hjelmeland og 51 prosent i Årdal skipreide i seinkatolsk tid, mot 26 og 34 prosent i 1661. Kyrkjelege eigarar var den desidert største jordeigaren utanfrå. For heile Rogaland reknar ein med at kring 40 prosent av jorda var i kyrkjeleg eige kring 1300. Like mykje var i bondeeige og 20 prosent var i krona eller verdslege stormenn si eige. Etter reformasjonen vart mykje kyrkjeleg gods overteke av staten. Kyrkjelege institusjonar kunne også fungera som «gamleheimar». Velståande folk kunne få opphald i eit kloster, i bispegarden eller hjå domkapitlet i Stavanger på sine gamle dagar mot at dei gav noko av formuen sin til klosteret. Då var det jordegods som var mest aktuelt å gje. Kyrkjegodset auka også gjennom gåver frå konge og stormenn, ofte ut frå politiske motiv. Kyrkja skaffa seg også gods ved kjøp, som erstatning for bøter og tiande som ikkje vart betalt, eller ved at folk pantsette gardane sine og ikkje makta å løysa dei inn att.

Kristninga av Noreg

Dei gamle nordmennene trudde på Tor og Odin og andre gudar. Denne norrøne gudstrua laut etter vart vika for den nye trua på Kvitekrist. Den vanlege oppfattinga har vore at det var kongane Olav Tryggvason og Olav «den heilage» Haraldsson som innførde kristendomen med sverd og tvang. Men det å endra trua og kulturen til eit folk er ein prosess som tar lang tid. Kongar med sverd virka nok sitt, men det skulle meir til for å få folk til å byta tru.

Mykje tyder på at nordmennene kjende til kristendomen lenge før dei fekk påbod om å gå over til den nye religionen som kongane kom med. Vikingane fekk kennskap til trua på ferdene sine til England. Dei herja ikkje alltid der dei kom. Dei kunne og driva fredeleg handel. Slik kom dei i kontakt med folket og trua deira. Mange nordmenn let seg primsigna for å kunna handla med engelskmenn og vere saman med dei. Då vart det gjort krossteikn over dei, og dette vart sett på som ei første vigsle. Vikingane kunne også ta trælar med seg heim frå England. Mange av desse var kristne, og dei kan ha gitt nokre impulsar vidare dit dei kom. Med kristendomen døydde også kulturen med trellar og slavar ut, sidan alle menneske var like for Herren. Seinare skal me sjå at denne kulturen endra seg igjen.

Eit samla samfunn

Gjennom hundreåra har menneska som har budd rundt på gardane i Hjelmeland måtta innretta seg etter kvarandre, til fellesskapen. Kvar heim/institusjon hadde klare områder som var inngjerda. Dette området høyrde til den som budde her, men me har også spor etter gater, samlingshus og liknande. Det kunne vera trong for å verna seg mot ytre fiendar og løysa indre usemje og fellesoppgåver. Samhaldet var med andre ord viktig. Korleis dette var i eldre jernalder, kjenner me lite til. Men det er rimeleg å rekna med at dei hadde ein felles samlingsstad, ein tingstad, der dei hadde sine møte. Desse samlingane kan ha vore kombinerte med gudsdyrking og religiøse handlingar.

Soknegrensene i Hjelmeland har etter det me kjenner vore uforandra gjennom hundreåra heilt fram til 1965. Ved kommunesamanslåinga vart soknegrensene flytta samstundes med kommunegrensene. Det var soknet sitt ansvar å halda kyrkja vedlike og å løna presten. Difor måtte både kyrkja og presteembetet ha landskyldinntekter av gardar.

Den geografiske inndelinga heitte skipreider. Opphavleg var det eit passeleg område til å skaffa og utrusta eit skip til leidangen eller sjøforsvaret. Etter 1277 heitte det at kvar skipreide skulle rusta ut 40 mann. Seinare vart skipreidene skattedistrikt og rettskrinsar for bygdetinga. (Skiftun, 1937)

I løpet av dei tre hundre åra sidan kristendomen fekk fotfeste hadde fjordbygdene i Hjelmeland fått vidare busetjing og aukande folketal. Frå kring 50 busette gardar rundt år 600 e.Kr. steig det til knapt 100 ved år 1000 og 125-130 i første halvdel av 1300-talet. Truleg var det ein stad kring 220 gardsbruk, og 1500 personar som levde i bygdene her like før 1350. Busetnaden hadde tetna til ved sjøen og i dalane, og også oppover i lågheiane rauk det or ljorane, i strok som i dag berre er gammal stølsmark. Det nye truslivet hadde sett sine merke i bygdene. Hjelmeland, Fister og Årdal hadde fått kvar si kyrkje og kvar sin prest. Kyrkjene vart dei nye naturlege samlingsstadane. Kyrkjelege institusjonar, dei fleste utanfor bygda, vart den største jordeigaren, og fleire og fleire bønder vart leiglendingar.

Svartedauden kjem

Bygdene i Hjelmeland hadde opplevd fleire hundre år med jamn vekst og framgang til 1350. Det tok ein brå slutt då pesten kom til landet og mannen med ljåen tok så rikeleg for seg at kanskje halvparten av folket vart utrydda. Me har lett for å tenkje at folketalet har auka jamt og trutt gjennom hundreåra, men det stemmer ikkje. Folketals- og busetnadsutviklinga har gått i bølgjer, der vekst og framgang i ein periode har vorte avløyst av tilbakegang i neste. Den mest dramatiske nedgangsperioden opplevde landet vårt etter Svartedauden hausten og vinteren 1349-1350. Folketalet i landet vart redusert med frå halvparten til to tredelar som følgjer av Svartedauden og dei etterfølgjande peståra. Det gjekk lang tid før bygdene kom over den katastrofen. Først på 1600-talet hadde busetjinga og folketalet kome opp på det nivået me reknar med at det hadde før 1350.

Svartedauden starta i Kina i året 1343. Ein sjukdom blant gnagarane spreidde seg til menneska. I løpet av dei komande åra rykka sjukdomen nærare Europa. Første staden pesten herja i Noreg, var i Bergen. Mesteparten av dei norske kystsamfunna hadde omgang med Bergen, og det tok ikkje lang tid før smitta var i full spreiing utover i landet. Sotta kom truleg til Hjelmeland via Stavanger, der mange reiste om hausten for å selja varer, og så bar dei smitta med seg heim.

Namnet Svartedauden kjem av at mange fekk svarte flekkar over heile kroppen. Høg feber var og eit symptom. Somme vart og infiserte i lungene før dei døydde. Dei hosta blod og slim, og andre kunne få pesten i seg gjennom dråpesmitte. Mange trur at det var berre den store Svartedauden som heldt folketalet nede, men dette stemmer ikkje.

I tida som følgde slo pesten til med kring ti års mellomrom. Barnedauden kom i 1359, Drepsotta i 1371, ny pest kring 1380, Storsotta i 1391 og vidare i same retninga utover på 1400-talet. Desse epidemiane, saman med Svartedauden, heldt folketalet nede.

Øydegardar og tette skogar

Kor gale var det eigentleg etter pestane? Ved å nytta skattelistene for 1519 og 1521, kan me sjå at 53 gardar i Hjelmeland, Fister og Årdal var busette. Dersom me reknar med at det var 125 busette gardar i drift før 1350, låg altså 72 av desse øyde enno i 1520. Det gjev ein øydeprosent på 58. I heile Ryfylke var 66 prosent av gardane øyde, medan 59 prosent av gardane i Rogaland låg øyde. Busetjinga var tettast langs fjorden i ytre strøk av kommunen. Her låg truleg dei gardane som vart rekna for å vera best og mest lettdrivne, og i tillegg hadde dei sjøen som livsgrunnlag. Denne tendensen kan me sjå i at 75 prosent av dei busette gardane låg ved, eller hadde god tilgang til sjøen. Det var dei største og beste gardane det budde folk på, og desse gardane var også dei eldste. Det må ha føregått flyttingar, slik at folk flytte frå dei mindre og ringare gardane til dei større og betre. Mange flytta også frå dei indre og høgareliggande bygder, ut til betre gardar på øyane og Nord-Jæren. Seinmellomalderen må såleis ha vore ei tid med stor rørsle. Dødstala var høge, brukarar og familiar døydde ut, og nye kom og tok over. Det er ikkje grunnlag for å tru at pesten ramma hardare på små gardar enn på større, og at det var grunnen til at dei vart liggjande øyde. Tvert om hadde truleg sjukdommen lettare for å spreia seg på dei større gardane, der det var fleire brukarfamiliar som budde nær kvarandre i eit klyngetun. Men sidan det var meir jord til leige enn folk til å leiga henne, kunne folk velja fritt. Då valde dei sjølvsagt dei beste gardane. Det er eit uhyggeleg bilete som rullar opp for oss i generasjonane etter pesten.

Meir enn halvparten av dei gamle heimane forlatne, husa nedrotna og innmarka grodd til med skog eller lagd for fefot. Berre folk å finna på dei betre gardane i bygdene. Sterk reduksjon av buskapane og truleg mindre enn halve det gamle åkerlandet tilsådd. Fleire hundreår med rydnings- og dyrkingsverk var lagt øyde. I løpet av nokre tiår tok skogen igjen det menneska hadde vunne frå han gjennom mange mannsaldrar. Etter at busetjinga hadde vore aukande i Hjelmeland fram til 1350, gjekk det no den andre vegen. Nedgangstidene etter Svartedauden reduserte busetjinga til eit nivå som var likt ved utgangen av folkevandringstida. Minst 500 år med framgang var borte, og me må fram til 1660 for å koma på same nivå som før Svartedauden. Fattig eller rik, ung eller gammal, Svartedauden gjorde ikkje skil på nokon.

Nedgangstider

Det kan ikkje vere tvil om at Svartedauden og dei etterfølgjande pestane må ha vore katastrofale. Frå andre halvdel av 1300-talet til første del av 1500-talet, var det ei samanhengande og vanskeleg nedgangstid for Hjelmeland og elles i landet. Der det tidlegare hadde stige røyk or ljoren og trakka folk på tunet og i marka, vart husa ståande til nedfalls. Åkrar grodde igjen, og lyng og kratt breidde seg over gammal slåtteng. Botnen vart mest truleg nådd i andre halvdel av 1400-talet. Likevel var det få gardar som vart liggande økonomisk øyde. Dei fleste øydegardar kunne iallfall nyttas til beite av buskap frå kringliggjande gardar. Eit konkret døme på dette er fjellgarden Ritland. Eit skinnbrev fortel at Torkel Osmundson på Kleivaland kring 1440 fekk overta nabogarden Ritland, som då låg øyde, utan å betala ekstra landsskyld for han. Det er eit stykke mellom gardane, men ikkje meir enn at Torkel kunne slå gras på Ritland og sleppa dyr på beite der. Å spa opp åkeren og halda tilsyn med han til kornet var modent, var det nok verre med. Når tilgangen til gode beite var så god, og samstundes tilgangen til folk til å spa åkrane var dårleg, er det rimeleg at det føregjekk ein viss overgang frå åkerbruk til husdyrbruk. Eg har fleire gonger omtala tida etter 1350 som ei krisetid. Og det er liten tvil om at det var det, på mange måtar. Landet vårt vart hardt ramma. I følgje Trygve Brandal var krisa «djupare og meir langvarig i Noreg enn i nabolanda». Dette kan nok stemme. Fleire kjelder omtalar Noreg som det landet i Europa som vart hardast råka. Folketalet gjekk kraftig tilbake, og det heldt seg lågt i lang tid framover. Dette fekk alvorlege konsekvensar for nasjonen. Statsinntektene fall kraftig, folketapet gjorde det vanskeleg å halda oppe ein nasjonal hær.

Noregsveldet vart avløyst av ein nordisk og sidan ein dansk-norsk union. Tiåra kring 1500 reknar me med at markerar botnen i busetjingsutviklinga. Utover på 1500-talet byrja folketalet å stiga og øydegardane vart rydda. Hjelmeland tok til på den lange vegen opp av bølgjedalen. Sjølv om talet på gardar, bruk og innbyggjarar var på sitt gamle nivå, var ikkje samfunnet likt det gamle. Som eg har nemnd tidlegare døyde kulturen med å halda slavar og trellar ut når kristendomen kom til landet. Men kring 1500-talet kom det nye trekk til i samfunnet. Den sosiale lagdelinga auka, og det byrja å veksa fram ei underklasse av husmannsfolk under gardbrukarane. Ved manntalet i 1666 var heile 18 prosent av personane i Hjelmeland sortert i kategorien husmenn. På dei godt 40 åra mellom 1519 og 1563 hadde bygdene i Hjelmeland starta på den slitsame vegen opp frå bølgjedalen. Arbeidet med jord og dyr fylte kvardagane til folk. Øydegardar vart rydda på ny og tekne i bruk att. Dermed fekk mange seg nærare grannar enn dei hadde hatt. Talet på brukarar hadde auka med ein fjerdedel, folketalet var aukande.

Avslutting

Bygdene i Hjelmeland har ikkje hatt ei jamn utvikling heile tida. Tidene har veksla mellom framgang, stillstand og tilbakegang. Den mest dramatiske nedgangstida kom etter Svartedauden i 1350. Då vart både busetjing og folketalet redusert til under det halve. Meir enn 500 års framgang gjekk tapt. Det skulle gå 300 år før bygdene her igjen vart fullsette og busetjinga nådde att nivået frå høgmellomalderen.

Me har sett utifrå arkeologiske funn og landbruksutviklinga i Hjelmeland, at bygdene her ikkje var isolerte. Alt vitnar om at kontakten med omverda var større enn me reknar med. Eg vonar at eg med denne teksten har klart å øydeleggje/motbevise nokre mytar som menneska i notida har førestilt seg.

Litteratur

Brandal, Trygve: «Hjelmeland - Bygdesoge, Tida før 1800». Hjelmeland, 1997.
Eikeland, Sigurd: «Årdal - Frå istid til notid». Årdal, 1968.
Skiftun, Tor: «Hjelmeland - Skipreid, herad og kyrkjesokn». Årdal, 1937.
http://www.europas-historie.net/landsbygda600-1050-a.htm (17. jan. 2007)
http://www.europas-historie.net/tusen.htm (18. jan. 2007)
http://www.maihaugen.museum.no/lblve/hmeny/LBLVE.html (17. jan. 2007)

 
besøkande sidan 01.01.2011